Norse Feedback er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverkty bygd for digitale plattformar, ikkje papir.

Norse Feedback er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverktøy bygd for digitale plattformar, ikkje papir.

LEDIG STILLING SOM SENIORUTVIKLAR

Vi søkjer etter seniorutviklar som saman med IT-avdelinga skal byggje opp Norse Feedback til å verte ein leiande leverandør av kartleggings- og analyseverktøy til både spesialist- og primærhelsetenesta

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Utvikling i JavaScript/TypeScript/Frontend (Angular, Vaadin framework, CSS/SCSS m.m)
  • Strategi i samband med bruk av skytenester
  • Informasjonstryggleik

Se mer

  • Forbetringar og videreutvikling av arkitektur og design
  • Skape sterke og positive relasjonar til Norse Feedback sitt team.
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Skape gode kundeopplevingar med ansvar for å etterleve Norse Feedback sin høge standard for leveranse og oppfølging

Se mindre

Kvalifikasjoner:

  • Erfaring frå ein eller fleire av følgande teknologiar: Java, Spring Framework/Spring Boot, Hibernate/Relasjonsdatabasar SQL, Bigdata, Frontend utvikling
  • Relevant høgare utdanning
  • Minimum 5 års erfaring med Java

Personlege eigenskaper:

  • Systematisk, strukturert og gode analytiske eigenskapar
  • Engasjert, målretta og oppteken av å skape gode resultat
  • Samarbeidsinnstilt

Se mer

  • Svært god skriftleg og muntleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk

Se mindre

Om arbeidsgjevaren

Norse Feedback er eit verktøy for psykiatrien, som er utvikla for å måle og monitorere klinisk utfall, kommunisere betre med pasientane, samt hjelpe behandlarar med å betre behandlingskvaliteten over tid. Norse Feedback er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverkty bygd for digitale plattformar, ikkje papir. Gjennom skybasert teknologi er systemet tilgjengeleg på alle flater, og er utvikla til å kunne nytte moglegheitene som finnast innan dagens datateknologi. Systemet er dynamisk og tilpassar seg den enkelte pasient sine behov. Basert på svara som pasienten gjev, blir rapporteringsskjemaet skreddarsydd for vidare utfylling.

Kven er vi?

Vårt team består av akademiske forskarar, praktiserande klinikarar, teknologi- og implementeringsspesialistar. Målet vårt er å tilby Norse Feedback til nye partnarar, og saman identifisere områder med behov for forbetring eller nyutvikling.

Vi tilbyr:

Ein spanande moglegheit til å byggje opp Norse Feedback si salsavdeling og satsing innan primær- og spesialisthelsetenesta, samt styrke Norse Feedback sin eksisterande posisjon i helsemarknaden. Norse Feedback er i sterk vekst, og med gode karrieremoglegheiter.

I tillegg til:

  • Konkurransedyktig lønn
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bonusordning
  • Nye kontor i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord